Dagens Aasen-ord app for iPhone and iPad


4.8 ( 8208 ratings )
Reference Education
Developer: Thomas Portilla
Free
Current version: 1.7, last update: 6 years ago
First release : 01 Dec 2012
App size: 8.39 Mb

Dagens Aasen-ord er ein almanakk med eit ordtak for kvar dag henta frå Norske Ordsprog av Ivar Aasen. Ordtaka har den originale forma slik språkbyggjaren Ivar Aasen (1813-1896) la dei fram i 1881-utgåva. På den måten er den også den poetiske og estetiske krafta i utforminga teken vare på, samstundes som dei kvardagsnære og jamt tankemetta seiemåtane er lett tilgjengelege.

Almanakken inneheld:
- 365 ordtak fordelte på kvar dag i 2017
- eit utval av dei vanlegaste merkedagane med omtale
- høve til å leggja Dagens Aasen-ord til kalenderen din
- søkjefunksjon i ordtaka

Dagens Aasen-ord er ei elektronisk vidareføring av Ivar Aasen-almanakken, som kom ut på papir i 16 utgåver. Fyrste utgåva kom i minneåret 1996 for Ivar Aasen med Dag og Tid som utgjevar og Dagfinn Worren som redaktør. Det er han også for Dagens Aasen-ord.

Med 200-årsfeiringa av Ivar Aasens fødsel som ein viktig del av Språkåret 2013 er overgangen til ein elektronisk versjon ei naturleg fornying av almanakken. Med denne utgjevinga ligg almanakken føre som ei gratis teneste (applikasjon) på nettet for iPhone go iPad med eit Aasen-ordtak for kvar einaste dag i året.